logo.jpg
Meny

Byggentreprenør Rise Bygg AS finn du i Hareid kommune. Vi utfører det meste av bygge- og entreprenørteneste, frå å bygge skular, sjukeheimar og forretningsbygg, til å bygge einebustadar og garasjar.

Vi er til saman 34 medarbeidarar. Vår virksomheit er i hovudsak konsentrert til kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, men vi tek òg oppdrag for kundar andre stadar.

Rise Bygg er ein av dei største byggentreprenørane i distriktet, og med lang erfaring og brei kompetanse er vi ein solid partnar for byggherren. Vi har hatt ansvaret for omfattande byggeprosjekt som skular, sjukeheimar og større forretnings- og industribygg, i tillegg til ein del arkitektteikna einebustadar. Alle byggevarer leverast frå vårt eige lager, og understrekar at vi er uavhengig og tilpassa lokale forhold.

Rise Bygg tek òg oppdrag som hovudentreprenør.

Har du byggeplanar – store som små – besøk vårt kontor på Rise i Hareidsdalen for ein hyggeleg og uforplikta prat.

Rise Bygg AS – vår kunnskap - din tryggleik

 

Mykje har skjedd sidan Rise Byggelag blei stifta i 1977: Byggelaget har blitt aksjeselskap, og med heile 34 medarbeidarar er vi no ein av dei største byggentreprenørane i distriktet.

Rise Byggelag blei starta av Lidvar Solli Rise og Kjell Bjørn Rise. Ole Pedersen blei ansatt i 1985, og Peter Rise, som i dag er dagleg leiar, kom med to år seinare. Saman med Per Johan Rise eig dei fire i dag Rise Bygg AS, som blei omgjort til aksjeselskap på slutten av 80-talet.

Sidan starten for nærmere 30 år sidan har vi heldt til på Rise i Hareidsdalen, der vi i 1994 tok i bruk nytt lager og kontorbygg. Frå den spede starten med få ansatte har firmaet vokse jamnt og trutt. I dag har Rise Bygg til saman 27 medarbeidarar, derav 4 i administrasjonen. I tillegg har vi innleigd utenlandsk arbeidskraft.

Bygge- og entreprenørvirksomheita omfattar alt frå forretningsbygg og offentlege bygg, til bustadhus og garasjer. Vi har no fokus på større byggeprosjekt, og dei seinaste åra har hovudmengda av oppdrag bestått av arbeid og leveransar av forretningsbygg og offentlige bygg i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Særleg har det vore mange oppdrag knytt til påbygg og rehabilitering av eksisterande skulebygg og sjukeheimar. Rise Bygg har i denne perioda òg stått for leveransar til, og oppføring av, fleire arkitektegna einebustadar med særprega utforming. Vi utfører òg mindre støypeoppdrag.

Rise Bygg er eit uavhengig byggfirma fullt ut tilpassa våre lokale forhold. Sidan starten av har virksomheita blitt dreve ryddig og nøkternt, og med vår lange erfaring, omfattande kompetanse og gode bemanning er vi ein solid partnar for byggherren. 

Mer informasjon

Lerstadvegen 545 6018 Ålesund
70 10 23 20 post@byggfag.no