Boindustri AS
BOINDUSTRI AS ligg like utanfor Ulsteinvik sentrum, nærare bestemt i Saunesmarka. Hovudsakleg driv vi med sal og oppføring av bustadhus, hytter og garasjer. Vi bygg óg einebustadar, tomannsbustadar og rekkjehus i eigen regi, og tek på oss varierte oppdrag for kundar.
I Saunesmarka har vi eige trelastlager og lagerfører det meste innan vanleg trelast, spiker, isolasjon, panel, kledning, plater, papp og liknande.
BOINDUSTRI AS sine bustadar vert bygde etter tradisjonelle byggemetodar, der huset vert samansett på byggeplassen av lokale handverkarar. Vi er tilknytt tømrarfirmaet Havåg Bygg, som no har tilsett 9 dyktige snikkarar. Dei vert nytta til storparten av våre prosjekt, og dei leverer arbeid av høg kvalitet som garantert toler vårt harde kystklima.

Vi tilbyr
Vikemarka Panorama er den siste storsatsinga til Boindustri AS i Vikemarka i Ulsteinvik, og består av fire separate tremannsbustadar, til saman 12 sjølveigarbustadar. Bygga er teikna av Byggfag Arkitekter i Ålesund og bygde i ein funkisinspirert stil. Kvar bustad har eit BRA frå 110,7 til 137,4 m2, og går over to plan. Eigen carport, utvendig bod og balkong. Bygg A og B og C er innflytta og solgt. Bygg D er ferdig oppsett, og her er to av leilighetene solgt og den siste er under innreiing og snart innflytningsklar.